top of page
Søk
  • Forfatterens bildeFES

VERDAS FØRSTE TESTSENTER FOR GRØNE DRIVSTOFF

Det var ein stor dag for Future Energy Solutions, som saman med ei klynge av leiande industri- og kompetanseaktørar vil utvikle det som skal bli verdas første fullskala testsenter for framtidas grøne drivstoff for skipsfarten. Erna Solberg var torsdag 1. oktober med å lansera testsenteret.

Me er klare for å forandra verda, sa Stord-investor Magnar Aaland under opninga.

Foto: Statsminister Erna Solberg saman med frå venstre Bernt Skeie (Prototech), Willie Wågen (Sustainable Energy catapult centre), Magnar Aaland (Alltec Services), Svein Arild Tveten (Future Energy Solutions), Paul Atherton (The Switch) og Hege Økland (NCE Maritime CleanTech).


Katapult-senteret Sustainable Energy med partnarar (Alltec Services, Prototech, the Switch og Future Energy Solutions) investerer i verdas første fullskala testsenter for nye drivstoff for maritim sektor. Senteret skal bidra til å sikre Norge sin posisjon som leiande innan grøn skipsfart.

Future Energy Solutions jobbar for å kvalifisere eit nytt teknologikonsept for framdriftsmaskineri på skip, som skal redusere klimagassutsleppa frå framdriftsmaskineri på eksisterande skip på ein kostnadseffektiv måte. Målsettinga er å muliggjøre ein gradvis overgang mot nullutslepp.

Gjennom eit MAROFF-prosjekt med støtte frå Forskingsrådet skjer fase 1 av arbeidet på SINTEF Ocean sitt laboratorium i Trondheim.


Neste steg i fase 1 blir bygging av Multi Fuel Conversion System som skal inn i testsenteret som del av testinfrastrukturen i Katapultsenteret.


I fase 2 følger vidare utvikling av løysinga mot nullutslepp frå eksisterande skipsflåte.

Foto: Future Fuel Test Centre

271 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page